Interkommunalt nettverk "KomByggTRE"

Tredrivaren i Hordaland tok initativ til å etablere eit interkommunalt nettverk for miljøvennleg bygg og arealutvikling.

I november 2016 fekk Fylkesmannen i Hordaland som er prosjektansvarleg tilsegn frå Miljødirektoratet og dermed støtte gjennom klimasatsordninga til dette nettverkprosjektet.

Deltaker i prosjektet:

  • Osterøy kommune
  • Lindås kommune
  • Bergen kommune
  • Askøy kommune
  • Meland kommune

Prosjektmål

Målet i prosjekt "KomByggTRE" er å etablere i samarbeid mellom dei fem kommunane og Fylkesmannen i Hordaland ei ressursgruppe for miljøvennleg byggeri som kan brukast i samband med ulike utbyggingsprosjekt og behandling av plansakar.
Dette samarbeidet har hovudfokus på å søknad til Klimasatsmidlar i 2017 for å etablere ei ressursgruppe for miljøvennleg byggeri som skal vere samansett med fleire fagpersonar.
I det interkommunalt nettverksprosjektet skal kommunane diskutere og bestemme nøkkelområde der det ligge mest behov for å hente inn spisskompetanse/fagkonsulent. Denne ressursgruppa skal vere tematisk bred organisert og bestå over fleire år. Ein slike ressursgruppe vil vere både ein kompetansepartner og koplingspunkt mellom dei kommunane.