Meeting point wood

Dette er ei utstilling om bruk av tre i Hordaland og Normandie. Prosjektet har ført til nye samarbeid mellom norske og franske institusjonar og aktørar innan tradisjonshandverk.

Utstillinga er forma i samarbeid mellom museum i Hordaland og Basse Normandie. Fylkeskommunen har initiert og finansiert arbeidet hjå følgjande partnarar frå Hordaland:  Museumssenteret i Hordaland som er prosjektleiar, Stiftelsen Bryggen, Hardanger og Voss museum, Sunnhordland Museum og Oselvarverkstaden. Bymuseet/Hordamuseet har stått for omsetjing av utstillinga til norsk.

Utstillinga formidlar bruk av tre på sjø og land frå før vikingtida og fram til i dag, og viser interessante parallelle utviklingstrekk i dei to regionane innanfor arkitektur, båtbyggjing, og skogbruk. Under utstillinga vert det demonstrert ulike handverksaktivitetar. Utstillinga opnar 2. mai på Hordamuseet og er ei utandørutstilling der store banner er sett opp i det bygningshistoriske området til museet.