Back to All Events

Korleis miljøvurdere byggemateriale

  • Bergen kommune Rådhusgaten Bergen, Hordaland Norway (map)

Korleis ein miljøvurderer byggemateriale blir stadig meir aktuelt etter kvart som miljøkrava i byggenæringa blir sterkare. Meir energieffektive bygg dreier fokus frå driftsfasen til material- og konstruksjonsfasen.

Møte er gratis og ope for alle. Programmet startar kl. 08.15

Påmelding: Seinast måndag 7. mars kl. 12.00.

Bærekraftig frokost

Bærekraftig frokost er et samarbeid mellom Bergen Arkitekthøgskole, Høgskolen i Bergen, Husbanken, Bergen kommune, Hordaland Fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland.

Program

08.00 Frukost

8.15 Velkomen v/ Sølve Sondbø, Hordaland fylkeskommune

8.20 Heilskapleg miljøvurdering av byggemateriale

del 1, - metodikk og føresetnader v/Christian Solli, Seniorrådgjevar, AsplanViak AS Energi og Miljø i Trondheim

9.00 Pause

9.15 Heilskapleg miljøvurdering av byggemateriale

del 2, - eksempelutrekningar for bæresystem v/Christian Solli,

9.45 Spørsmål/Diskusjon

På dette frukostmøtet diskuterer Christian Solli frå konsulentselskapet Asplan Viak ulike føresetnader og metodikk som ligg til grunn for miljøvurdering av byggemateriale.

Hovudfokuset er utrekning av klimabelasting frå materiala. Føresetnader som blir gjennomgått er mellom andre klimaeffekt frå bruk av biologiske materiale, tidspunkt for utslepp. Han vil også gå gjennom utrekning av klimaeffekt, marknadsvurderingar og klimaeffekt frå resirkulering m.m.

Ulike typar konstruktiv bæring blir samanlikna og nokon generelle konklusjonar blir trekte.

Foredraget er i stor grad basert på ein studie utført i samarbeid med Stiftelsen Miljømerking, finansiert av Husbanken.

Earlier Event: February 17
Grønn tungtransport